Frist: 15. Dec

Simas søkjer mekanikar

Oppgåver for stillinga:

  • Ansvar for vedlikehald på maskiner, lastebilar, containerpark m.m.
  • Ansvar for opparbeiding av system og orden på verkstad.
  • Skal jobba aktivt for implementering av vedlikehald i vårt kvalitetssystem.
  • Mekanikar må ta del i dagleg drift ved behov.
  • Rapporterer direkte til produksjonsleiar.


Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • Utdaning/fagbrev:
    • Bilmekanikar, tunge køyretøy.
    • Landbruks-/anleggsmekanikar.
  • Sertifikat kl. CE, truckførarbevis og maskinførarbevis.
  • Grunnleggjande IT-kunnskap.


For stillinga søkjer me etter personar som:

  • Ser mogelegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Er strukturert, systematisk og har ein planmessig tilnærming til arbeidet
  • Er tydeleg, og målretta.
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre.
  • Villig til å setje seg inn i og lære nye ting.
  • God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg.
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs.


Me kan tilby:

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn.
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing.
  • Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP.


Kontaktperson for stillinga:
Gunnar Barsnes Onarheim, Produksjonsleiar, tlf. 57 65 70 53, gunnar@simas.no.

Søknad sendast til: post@simas.no 

 

Søknadsfrist: 15.12.2020

 

 

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen