Frist: 15. okt.
(Foto: Falkeblikk AS)

Sogn Brann og Redning søkjer inspektør byggjetilsyn (2. gangsutlysning)

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

BYGNINGSINGENIØR ev. BRANNINSPEKTØR

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføring av byggjetilsyn i hht. plan- og bygningslova, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.

Andre oppgåver som kan vere aktuelle:

  • Gjennomføring av tilsyn i særskilte brannobjekt og andre risikoobjekt og verksemder. 
  • Utvikle samarbeidet og vere rådgjevar/vegleiar ovanfor eigarkommunane og eksterne samarbeidspartar innan branntekniske forhold.
  • Gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak om førebyggande brannvern.
  • Avhengig av kvalifikasjonar kan det på sikt vere aktuelt å inngå i vaktordning ved beredskapsavdelinga.

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning (td.juss/rettsvitenskap) eller særskilt brannteknisk utdanning på same nivå.
  • Det kan vere ein fordel dersom ein har gjennomført yrkesutdanning i førebyggande brannvern, grunnkurs og beredskapsutdanning trinn I ved Noregs Brannskule, og at ein minimum har førarkort kl. B.
  • Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå ma. offentleg sakshandsaming vil og verte vurdert.

 

Ved ev. tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

Utover formell utdanning vil det bli lagt vekt på:

  • Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av aktuelle IKT-verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
  • Personlig skikka, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar. 
  • Relevant praksis.
  • Evne og vilje til å sette seg inn i lover og regler for området

Du vil verte utfordra på å stille opp ved behov uavhengig av organisasjons messig tilknyting. Sogn brann og redning IKS er ein liten eining som krev at alle tilsette er fleksible og dreg lasset saman. Organisasjonsmessig tilknyting kan verte endra.

Vi tilbyr:

Du kan forvente ein meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i eit opent og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som råme for ditt arbeidsområde.

Informasjon:

Nærmare informasjon om stillingane får du hjå brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 90 03 72 56..

Søknad på stillinga skjer gjennom å nytte det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på www.sogndal.kommune.no

Sjå elles www.sognbrann.no

Gå til søknadsskjema
Til toppen