Frist: 27. juli
(Foto: )

Sogn kulturskule søkjer musikkpedagog i inntil 100% stilling

Me ønskjer ein allsidig lærar i den rytmiske genre med høgskuleutdanning innan musikk. Realkompetanse kan erstatta formell utdanning. Søkjaren bør vera engasjert og initiativrik, og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må disponera bil. 

Søkjarar må ha undervisningskompetanse på gitar og piano. Undervisning i andre bandinstrument er også aktuelt, samt å både kunne setje saman, og å leie samspelgrupper/band. Etter avtale kan ein avgrensa del av stillinga haldast av til utøvande verksemd. Det er mogeleg å søka delar av stillinga.

Løn etter gjeldande tariff.

Nærare opplysningar får ein hjå kulturskulerektor Roar Sandnes på 57 65 56 00. Epost: postmottak@leikanger.kommune.no

Søknad sender du på vårt elektroniske søknadsskjema,

Gå til søknadsskjema
Til toppen