Frist: 3. Feb

Sogn Næring søkjer forretningsutviklar/seniorrådgjevar

Vil du vere med å skape vekst og utvikling i Sogn?

Sogn Næring er Sogndal kommune sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i kommunen. Selskapet skal mellom anna leggje til rette for dei som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd. Vi skal også vere med å bygge Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tett samarbeid med kommunane i Sogn arbeider me for å bygge sterke nærings- og kompetansemiljø på tvers av bransjar og kommunegrenser. Vi opererer også SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage, eit program som skal gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst.

Vi har no ledig stilling som forretningsutviklar/seniorrådgjevar med for motivasjon for idéskaping og utvikling av nytt og eksisterande næringsliv.

Kontorstad er Fosshaugane Campus, Sogndal kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for utvikling av eksisterande næringsliv
  • Rådgiving og oppfølging av gründerar
  • Evaluering av forretningsidear, utvikling av forretningsmodell og strategi
  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar
  • Leie utviklingsprosjekt
  • Administrering og utvikling av interne verktøy og arbeidsmetodar innan forretningsutvikling


Ynskja kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, høvesvis på mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.
  • God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
  • Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne


Vi ynskjer ein person som er

  • Engasjert, initiativrik og sjølvstendig.
  • Har evne til å motivere til utviklingsarbeid.
  • Er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat.
  • Er god på nettverksbygging og samhandling.


Vi tilbyr

  • Ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen.
  • Gode utviklingsmogelegheiter.
  • Gode løns- og pensjonsvilkår.
  • Fleksibel arbeidstid.


Kontaktperson: Gunn Cecilie Hundere, tlf. 93091743, gunn-cecilie@sognnaring.no

 

Søknadsfrist: 03.03.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen