Frist: 28. Jan

Sogn Næring søkjer forretningsutviklar / seniorrådgjevar

Vil du vere med å skape vekst og utvikling i Sogn?

Vi har no ledig fast stilling for engasjert forretningsutviklar/seniorrådgjevar som brenn for idéskaping og utvikling av nytt og eksisterande næringsliv.  

Kontorstad er Campus Sogndal, Sogndal kommune, med heile Sogn som arbeidsplass. 


Arbeidsoppgåver 

  • Legge til rette for utvikling i eksisterande næringsliv 
  • Rådgjeving og oppfølging av gründerar 
  • Evaluering av forretningsidear, utvikling av forretningsmodellar og strategiar 
  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar  
  • Leiing av utviklingsprosjekt 
  • Administrasjon og utvikling av interne verktøy og arbeidsmetodar innan forretningsutvikling  


Ynskja kvalifikasjonar
 

  • Relevant høgare utdanning, høvesvis på mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning. 
  • God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
  • Prosjektleiarerfaring eller god kjennskap til prosjektarbeid 
  • Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar 
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne 


Vi ynskjer ein person som er
 

  • Engasjert, initiativrik og sjølvstendig
  • Har evne til å motivere til utviklingsarbeid
  • Er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat  
  • Er god på nettverksbygging og samhandling


Vi tilbyr
 

  • Ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen 
  • Gode utviklingsmogelegheiter 
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid


Hugs å legge ved både CV og søknad i den elektroniske søknadsportalen.

Kontaktperson: Line Bjelde, tlf. 906 18 483, line@sognnaring.no.  

 

Søknadsfrist: 28.01.2021

Gå til søknadsskjema
Til toppen