Frist: 9. Apr

Sogn og Fjordane tingrett søker saksbehandlar til Sogndal

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogn og Fjordane tingrett søker etter saksbehandlar i 100% fast stilling til kontoret i Sogndal.

Ein av våre dyktige saksbehandlarar i Sogndal gjennom mange år skal pensjonere seg og vi søkjer difor etter hennar etterfølgjar. Stillinga omfattar ordinære saksbehandlar oppgåver, medrekna oppfølging av eiga saksportefølje i tett samarbeid med dommar og andre saksbehandlarar. Arbeid knytt til ekspedisjon og sentralbord vil og vere viktige oppgåver. Stillinga inneber omfattande kontakt med våre brukarar og publikum.

 

Du vil arbeide i eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer. Det vil bli gitt god og fagleg opplæring. Domstolen er i stadig utvikling, mellom anna på grunn av auka digitalisering, og du må vere innstilt på endringar i arbeidsinnhald etter domstolen sine behov. Saksbehandlarar i tingretten må vere innstilt på arbeid for og samhandling med jordskifteretten.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som arbeider sjølvstendig og effektivt og samtidig nøyaktig. Du må vere fleksibel med gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er serviceinnstilt og har godt humør. Du må ha gode evner til munnleg og skriftleg framstilling. Domstolen brukar nynorsk som målform.

Vi legg vekt på at du har interesse for og er uredd innan IKT-området og har evne til å sette deg raskt inn i nye system.

 

Du bør ha utdanning på høgskulenivå, eventuelt 3-årig vidaregåande skule og relevant praksis. Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

 

Stillinga er ledig frå 1. august 2021 og blir løna som førstekonsulent kode 1408 og vil vere avhengig av tidlegare erfaring og kvalifikasjonar. Statstilsette blir medlem i Statens pensjonskasse og det blir trekt 2% pensjonsinnskot. For stillinga gjeld prøvetid på 6 månader. Vi tar atterhald om at overtalige ved andre domstolar kan ha fortrinnsrett. Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Vi viser til offentleglova § 25 andre ledd som gjer det mogleg å bli teken ut frå søkjarlista.

For ytterlegare opplysningar om tingretten, sjå www.domstol.no/sognogfjordane.

 

Nærare opplysningar hos administrasjonssjef Vibeke Hafstad Wennevold, tlf. 930 22 488 / sorenskrivar Terje Mowatt, tlf. 992 36 323.

Send søknad og CV med vitnemål og attestar til Sogn og Fjordane tingrett elektronisk til: softpost@domstol.no.

Søknadsfrist: 09.04.2021

Send søknad på e-post
Til toppen