Frist: 26. nov.
Happy winners reaching life goal - success people at summit. Business achievement concept. Two person couple together arms up in the air of happiness with accomplishment in the clouds at sunset. (Bilde: Bigstock®)

Sogn Opplæringskontor søkjer ny medarbeidar

Sogn Opplæringskontor søker etter opplæringskonsulent i 50 % stilling. Det kan bli moglegheit for auka stillingsprosent. Kontorstad vert Fosshaugane Campus.

Ansvarsområde:

Som opplæringskonsulent følgjer du lærlingar gjennom heile læreløpet deira i lærebedrifta. Du vil bistå bedriftene i rekrutteringsprosessen, utarbeide interne opplæringsplanar og arrangere kurs. Vidare vil du administrere lærekontraktar og gjennomføre oppfølgingssamtalar med lærlingane ute i bedrift.

Kvalifikasjonar:

  • fag-/sveinebrev eller anna relevant utdanning
  • utdanning innan pedagogikk er ynskjeleg
  • kompetanse innan bruk av dataverkty
  • engasjert i fagutdanning og like å arbeide med ungdomar
  • gode kommunkasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • evne til å arbeide sjølvstendig og vere fleksibel
  • du må disponere eigen bil.

Hjå oss får du:

  • ein spanande, sjølvstendig og utfordrande jobb
  • konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar

Send søknad med CV til post@sognok.no
Kontakt dagleg leiar Anne Kauppi om du har spørmål om stillinga. Mobil: 911 20 643.

Send søknad på e-post
Til toppen