Frist: 20. juni
(Foto: Bigstock®)

Sogn Opplæringskontor søkjer ny medarbeidar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogn Opplæringskontor søker etter opplæringskonsulent i 100 % engasjement, med mogleg overgang til fast stilling. Kontorstad vert Årdal og/eller Sogndal.

Ansvarsområde:

Som opplæringskonsulent følgjer du lærlingar gjennom heile læreløpet deira i lærebedrifta. Du vil bistå bedriftene i rekrutteringsprosessen, utarbeide interne opplæringsplanar og arrangere kurs. Vidare vil du administrere lærekontraktar og gjennomføre oppfølgingssamtalar med lærlingane ute i bedrift.

Kvalifikasjonar:

  • fag-/sveinebrev eller anna relevant utdanning
  • utdanning innan pedagogikk er ynskjeleg
  • kompetanse innan bruk av dataverkty
  • engasjert i fagutdanning og like å arbeide med ungdomar
  • gode kommunkasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • evne til å arbeide sjølvstendig og vere fleksibel
  • du må disponere eigen bil.

Oppfordrar menn til å søke stillinga.

Hjå oss får du:

  • ein spanande, sjølvstendig og utfordrande jobb
  • konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar

Send søknad med CV til post@sognok.no innan 20. juni 2018. 
Kontakt dagleg leiar Anne Kauppi om du har spørsmål om stillinga. Mobil: 911 20 643.

Gå til søknadsskjema
Til toppen