Frist: 2. mars

Sogn opplæringskontor tek no i mot søknadar om læreplass

LÆREPLASSAR 2020

Me tek i mot søknader om læreplass for alle våre medlemsbedrifter. Hugs og å søke hjå andre opplæringskontor og på Vigo! Det er alltid lurt å ha ein plan B!

NB! Hydro og Norsun har ein eigen søkeportal med søknadsfrist 16. februar 2020:

NB! Årdal kommune har eigen søkeportal med søknadsfrist 2. mars 2020

Registrer deg med så korrekte opplysningar som mogleg.

Alle vedlegg bør vere i PDF-format, då dette er det enklaste for bedriftene å forhalde seg til. Om du treng hjelp til å scanne papir eller gjere om filer til rett format, kan du ta kontakt med oss.

Bruk e-post post@sognok.no, eller ring Anne (911 20 643), Vibeke (950 12 300), Camilla (913 48 554) eller Pål Erik (928 52 397)

 

Søknadsfrist er 2. mars 2020. Søknadane vert fortløpande formidla til bedriftene som så gjer sin vurdering av søkararane. Så ikkje vent med å søke til søknadsfristen er der!

Når du har registrert personalia vil du få tilsendt ein lenke til søknaden. Denne kan du nytte om du treng å endre på søknaden din. Når du klikker «Send inn søknaden» i siste steg kan du ikkje gjere fleire endringar. 

Merk: Me har opplevd at nettlesaren Google Chrome fungerar best med søkeportalen.

Gå til søknadsskjema
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen