Frist: 2. juni

Sogn regionråd søkjer etter programleiar

Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Rådet arbeider for å utvikle regionen med særleg vekt på nokre prioriterte satsingsområde.

Dei ni kommunane i Sogn regionråd satsar heilskapleg på barnehage- og skuleutvikling og samarbeider om det regionale utviklingsprogrammet "System for styrka læring". Målet er auka læringsutbytte for alle, gjennom styrka tilpassa opplæring og redusert bruk av spesialundervisning. Vi har seks programområde: 1) lærande organisasjonar og fagnettverk, 2) entreprenørskap, 3) psykisk helse, 4) tidleg innsats, 5) vurdering for læring og 6) motivasjon og meistring. Kommunestyra har vedteke overordna programplan og Sogn regionråd vedtek årleg handlingsplan.

Stillingsinformasjon 
Vi har ledig 100% stilling som programleiar for det regionale utviklingsprogrammet "System for styrka læring" frå 1. august 2019. Sogndal kommune er arbeidsgjevar.
Arbeidstad: Sogndal.

Arbeidsoppgåver
Programleiar har ansvar for å leie, koordinere og følgje opp det regionale barnehage- og utviklingsprogrammet. Programleiar er sekretær for programstyret for «System for styrka læring» og programstyret rapporterer til Sogn regionråd. Utviklingsarbeid innan tilpassa opplæring, entreprenørskap og psykisk helse er viktige arbeidsfelt. Skule- og barnehageutvikling i Sogn er kjenneteikna av breitt samarbeid mellom kommunane og med eksterne aktørar. Samhandlingsarenaene er mellom anna:

  • Kommunane sine fora og nettverk i regionen (rådmennene, kommunalsjefane for oppvekst, rektor- og styrarnettverk)
  • Undervisning- og forskingsmiljø (Høgskulen på Vestlandet, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, HEMIL-senteret Universitet i Bergen)
  • Andre organisasjonar og etatar (Statped Vest, Ungt Entreprenørskap, Utdanningsforbundet, Fylkesmannen, fylkeskommunen). 

Kvalifikasjonar
Søkjar må ha høgare utdanning og pedagogisk kompetanse. Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg sektor, gjerne oppvekstsektoren. Vi vil leggja vekt på at du kan visa til oppnådde resultat, har eit breitt fagleg engasjement og har evne til å driva utviklings- og fornyingsarbeid. Stillinga krev evne til å samarbeide, ta initiativ og motivere til utviklingsarbeid.

Tilsetjingsvilkår
Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktperson
Karina Nerland, dagleg leiar i Sogn regionråd, mobil 908 30 284.

Søknadsfrist: 2.6.2019

 

Image and video hosting by TinyPic

 

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen