Frist: 15. des.

Sogn Regionråd søkjer prosjektleiar - Sogn for alle

Bli med å auke sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar! Vi har ledig 100% stilling som prosjektleiar i fire år frå 2020.

 

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektleiar har ansvar for å leia, koordinera og følgja opp prosjektet, og oppgåver som inngår er å vera ein pådrivar for at arbeidspakkane i prosjektet blir gjennomført. 
  • Ha eit tverrfagleg ansvar og kvalitetssikre det heilskaplege arbeidet.
  • Samarbeide med lokalt næringsliv, offentleg og frivillig sektor.
  • Samordna og motivera aktørane i det regionale utviklingsarbeidet.
  • Rapportera til styringsgruppa.


Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning. 
  • Erfaring i å leia utviklings- og prosjektarbeid.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Næringslivsbakgrunn eller erfaring frå arbeid med næringslivet.
  • Kjennskap til kommunesektoren og frivillig arbeid.


Vi ønskjer ein person som

  • Kan vise til oppnådde resultat og har evne til å drive utviklings- og fornyingsarbeid.
  • Er god på nettverksbygging og samhandling.
  • Er engasjert, initiativrik og sjølvstendig.
  • Har evne til å samarbeide med mange aktørar og til å motivera til utviklingsarbeid


Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver. 
  • Aktivt og engasjerande arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Tilsetjingsvilkår

  • Tilsetjinga er mellombels med moglegheit for fast tilsetjing.
  • Sogndal kommune er arbeidsgjevar.
  • Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.
  • Nynorsk vert nytta som skriftspråk.

Søknadsfrist: 15.12.2019

Kontaktinformasjon: Karina Nerland, dagleg leiar, tlf 908 30 284, e-post karina.nerland@sogndal.kommune.no

For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteke dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Gå til søknadsskjema
Til toppen