Frist: 3. May

Psykologstillingar i Sogn

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Kommunane i Sogn har ledig 2 x 100% stilling for kommunepsykolog.

Velkommen til vakre Sogn – regionen er utan tvil ei perle for dei som vil sykle, klatre, stå på ski, padle og vandre i fjellet. Friluftsentusiastar frå heile verda kjem hit. Kommunane har sine ulike eigenartar - frå høgskule- og studentmiljø til distriktskommunar med industri, turisme og jordbruk, alle omgitt av vakker, urørt natur og høge fjelltoppar med majestetisk utsikt over fjorden. Sogndal er regionsenteret med urbant tilsnitt. Regionen har mange mindre sentra, aktivt og variert idretts- og kulturliv, gode oppvekstvilkår og gode lokale fellesskap.

Sogn regionråd er samarbeidsfora for sju kommunar; Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Regionen har omlag 32 000 innbyggjarar. Sogndal er distriktet sin nye storkommune med om lag 12 000 innbyggarar.

Sentrale føringar om den kommunale satsinga peikar på oppgåver som system- og samfunnsretta arbeid, førebyggande arbeid mot individ og grupper, lågterskel behandling og oppfølging av personar, familiar eller grupper.

Kommunane i Sogn har ledig 2 x 100% stilling for kommunepsykolog:


Høyanger kommune:
Søkjer kommunepsykolog der overordna mål er å:

  • Styrke tilbodet til barn og unge som har lettare eller moderate psykiske lidingar.
  • Kvalitetssikre kommunen sine psykososiale tilbod for barn, ungdom og familiar. Dette vil skje gjennom undervisning, rettleiing og drøfting med andre faggrupper.
  • Delta i ulike former for tverrfagleg samarbeid og prosjekt, og delta i plan og systemarbeid.

Spørsmål om stillinga rettast til Ingun Indrebø, kommunalsjef helse og omsorg på e-post ingun.indrebo@hoyanger.kommune.no eller tlf. 478 90 705. Søknadsskjema for stilling finn du på www.hoyanger.kommune.no.

 

Sogn regionråd:
Dei sju kommunane i Sogn regionråd samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om ei psykologstilling. Psykologen vil arbeide med det kommunale folkehelsearbeidet. Arbeidsoppgåver er blant anna:

  • Utvikling av kompetansehevingstiltak for tilsette ved barnehagar og skular.
  • Rettleiing og undervisning av personale i helse, barnevern, barnehagar, skular og PPT.
  • Undervisning, forsking og utviklingsarbeid ved dei ulike profesjonane ved høgskulen.

Sogndal kommune er arbeidsgjevar. Arbeidsplass vert på høgskulen eller kommunal kontorstad i Sogndal etter avtale.

Spørsmål om stillinga rettast til: Dagleg leiar, Karina Nerland på e-post karina.nerland@sogndal.kommune.no, eller tlf 908 30 284.
Søknadsskjema for stillinga finn du på www.sogndal.kommune.no.


Kvalifikasjonskrav for stillingane:

  • Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er en fordel.
  • Grunnleggande IKT-kompetanse.
  • Interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar både skriftlig og munnleg med god framstillingsevne.
  • Personlige eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert.
  • Må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.


Vi tilbyr:

  • Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjerande arbeidsmiljø.
  • Konkurransedyktig lønn i tråd med tariff.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Kommunane legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering samt deltaking i relevante faglege nettverk.
  • Interkommunalt nettverk for psykologar for kollegastøtte, gjensidig rettleiing og fagleg utvikling og samarbeid med spesialisthelsetenesta.

Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i Helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.

 

Søknadsfrist: 03.05.2020.

Gå til søknadsskjema
Til toppen