Frist: 28. Mar
(Foto: Falkeblikk AS)

Sogndal kommue avdelingsleiar - vatn og avlaup

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Stillinga er plassert under kommunalsjefområde Plan og Samfunn, og vidare under tenesteeining Teknisk drift. Tenesteeining for teknisk drift vert organisert med 4 avdelingar og ein stab med ansvar for prosjektoppfølging.


Arbeidsoppgåver:

Avdelingsleiar for vatn og avlaup vil leie ei avdeling med ansvar for kommunale VA-anlegg. Kommunen har 7 vassverk, 7 avlaupsanlegg og samla ca. 230 km leidningsnett. Det er i dag ca. 9 årsverk knytt til desse tenestene inkludert operatørar og ingeniørstillingar. Avdelingsleiar vil få vere med å bygge og forme denne nye avdelinga saman med tenesteleiar og dei tilsette i avdelinga.

Avdelingsleiaren vil i utganspunktet få leiaransvar som omfattar fagansvar, økonomisk ansvar og personalansvar. Eksakt delegasjon vert tilpassa personen i stillinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • Ingeniør/siv.ing. med relevant bakgrunn innan vatn og avlaup. Relevant erfaring kan erstatte formalkompetanse.
  • Erfaring frå planlegging og prosjektering innan fagfeltet eller byggeleiing frå VA-prosjekt.
  • Erfaring frå drift og vedlikehald, utvikling og implementering av strategiar og planar for vedlikehald.
  • Erfaring frå stilling med personalansvar.
  • God brukarkompetanse på administrative IT-system.
  • God skriftlig og munnleg fremstillingsevne.
  • God HMS forståing og engasjement.

 

Personlege eigenskapar:

  • Arbeidar sjølvstendig, strukturert og målretta, men også godt saman med andre.
  • Har sterk drivkraft, tek initiativ og søkjer kontinuerleg betring.
  • Sterk fagleg og teknisk interesse, analytisk med evne til å dela kunnskap samt inspirere.

 

Vi tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø innan eit viktig fagfelt.
  • Høve til å forme avdelinga og arbeidskvardagen sin sjølv.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

Søknadsfrist: 28.03.21

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen