Frist: 9. Aug

Sogndal kommune søkjer assisterande kommunalsjef oppvekst

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogndal kommune søkjer assisterande kommunalsjef oppvekst med sektoransvar for skule. Stillinga er ei 100% fast stilling som er ledig frå 1.10.20.

Sogndalsskulen består av 9 grunnskular, Sogndal opplæringssenter og Kringsjå leirskule. Samla sett er det om lag 1350 elevar i grunnskulane og om lag 140 deltakarar/elevar ved Sogndal opplæringssenter.

Assisterande kommunalsjef vil sitje i kommunalsjefen si leiargruppe, og ha sektoransvar for skulesektoren. I sektoransvaret ligg ansvaret for skulesektoren si samla fagutvikling, økonomistyring og personalleiing. Vi søkjer ein leiar som kan vere med å utvikle skulesektoren spesielt og oppvekstsektoren generelt, til beste for barn og unge som veks opp i Sogndal kommune. Oppvekstsektoren jobbar med fleire spanande prosjekt, mellom anna betre tverrfagleg innsats (BTI), livsmeistring i barnehage og skule, fagfornyinga m.m. Sogndal kommune har eit tett og godt regionsamarbeid i Sogn og utviklingsprogrammet «System for styrka læring». Den som vert tilsett, vil på ulikt vis måtte bidra inn i desse og andre prosjekt innan oppvekst og i kommunen elles.


Arbeidsoppgåver:

  • Utviklings- og kvalitetsarbeid innan Sogndalsskulen spesielt og oppvekstsektoren generelt
  • Personalansvar for leiarane innan skulesektoren i Sogndal
  • Ansvar for samla økonomistyring i Sogndalsskulen
  • Utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver


Sentrale ansvarsområde:

  • Følgje opp kommunen sine vedtekne satsingar og prioriteringar
  • Sikre at vi følgjer relevant lovverk, som t.d. opplæringslova


Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning frå universitet/høgskule
  • Leiarerfaring frå skulesektoren
  • Praktisk erfaring og innsikt i pedagogisk utviklingsarbei
  • Utviklingsorientert og har erfaring frå utviklingsarbeid
  • Det er ynskjeleg med leiarutdanning.


Personlege eigenskapar:

  • Sjå verdien av å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner
  • Vere løysingsorientert
  • Ha evne til å inspirere, engasjere og rettleie rektorgruppa mot felles mål, og kunne nytte potensialet til Sogndalsskulen
  • Kunne handtere nye utfordringar
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Evne til å ta initiativ og arbeida sjølvstendig og målretta


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale


Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.


Kontaktperson for stillinga er kommunalsjef oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen, mob. 926 48 081, e-post: ole.gunnar.krakhellen@sogndal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 09.08.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen