Frist: 20. Sep

Sogndal kommune har fleire ledige stillingar i heimesjukepleien

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Heimesjukepleia i Sogndal har ledig følgjande stillingar:

  • 1 x 69% Fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar ledig frå snarast.
  • 1 x 100% Vikariat som sjukepleiar, frå snarast til 31.05.21 - mogleg for forlenging.
  • 1 x 80% vikariat som sjukepleiar, frå snarast til 30.04.21 – mogeleg for forlenging. 


Arbeidsoppgåver:

  • Helsetenester hovudsakeleg i heimen til brukarar.
  • Arbeidet består av 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.

 

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning med norsk autorisasjon som sjukepleiar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Initiativrik, fleksibel og gode samarbeidsevner.
  • Løysningsorientert og stor interesse for faget.
  • Førarkort klasse B.
  • Må beherske norsk munnleg og skrifteleg.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde.


Me tilbyr:

Eit godt arbeidsmiljø, ein spennande og god arbeidsplass med mange flinke og engasjerte medarbeidarar, spennande oppgåver der det dagleg vert jobba med systematisk kvalitetsutvikling og tenesteproduksjon, for å skapa ein god kvardag for våre brukarar.

Løn etter tariff.

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.

  • Variert arbeid i positive miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Treningstilbod for tilsette.

 

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

 

Kontaktperson for stillinga er:

Solveig Teigen Volle, Avdelingsleiar heimesjukepleien, Sogndal.
Tlf: 94136555. E-post: Solveig.teigen.volle@sogndal.kommune.no.

Marianne Yttri Sætre, Avdelingsleiar heimesjukepleien, Sogndal.
Tlf: 94159022. E-post: Marianne.yttri.saetre@sogndal.kommune.no

 

Søknadsfrist: 20.09.20

Gå til søknadsskjema
Til toppen