Korttid/rehab avd SHOS har ledig 100% vikariat som sjukepleiar frå snarast – 30.03.2021.
Tenesta har tredelt turnus med arbeid kvar 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver på korttid og rehabiliterings avdelinga. På korttids og rehab avdelinga ligg også Sogndal kommune sine akutt senger.
Krav til kompetanse
- 3-årig høgskuleutdanning med norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Krav til søkar:
- Må ha evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre.
- Vere fleksibel og samarbeidsvilling.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskaper blir vektlagt.
Spesielle vilkår for stillinga
Det som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Andre opplysningar
Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, ein spennande og god arbeidsplass med mange flinke og engasjerte medarbeidarar, spennande oppgåver der det dagleg vert jobba med systematisk kvalitetsutvikling og tenesteproduksjon, for å skapa ein god kvardag for våre brukarar.
- Løn etter tariff.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.
- Variert arbeid i positive miljø.
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
- Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Treningstilbod for tilsette.
Søknadsfrist: 05.04.2020