Frist: 26. Apr

Sogndal kommune har ledig vikariat som sjukepleiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Eitt års vikariat for sjukepleiar ved Sogndal legesenter, 90% stilling. Vil du jobbe i eit topp moderne legesenter i nye lokale, og bli del av ein høgt kvalifisert stab er dette jobben for deg.

Arbeidsoppgåver:
Allsidige oppgåver som til dømes sårskift, spirometri, EKG, enkle pasientkontrollar, laboratoriearbeid, telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver.


Krav til kompetanse:
3-årig høgskuleutdanning med norsk autorisasjon som sjukepleiar.


Krav til søkjar:

  • Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
  • Fleksibilitet og samarbeidsvilje.
  • Norskkunnskapar skriftleg og muntleg på morsmålsnivå.
  • Personlege eigenskapar blir tungt vektlagde.


Spesielle vilkår for stillinga
Det som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.


Andre opplysningar:
Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.


Me tilbyr:
Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, svært godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo.
Løn etter tariff.


Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.

  • Variert arbeid i positive miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Treningstilbod for tilsette.

 

Søknadsfrist: 26.04.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen