Frist: 9. Feb

Sogndal kommune søkjer arealplanleggar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig ei fast 100% stilling som arealplanleggjar i Sogndal kommune.

Vi søkjer ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforming av nye Sogndal kommune i framtida, og som ønskjer faglege utfordringar innan samfunns- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune.

Du vil arbeide på eining for plan og forvaltning med 12 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre. Kommunen har og vil få store og utfordrande planoppgåver som skal handsamast og forvaltast dei neste åra. Planeininga er tiltenkt ei sentral rolle i utarbeiding av både overordna planverk og sektorvise planar - for å få desse til å bli einsarta og reelle styringsdokument for den nye kommunen. Du vil arbeide på eining for plan og forvaltning med 12 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre. 

Arbeidsoppgåvene vert innan offentleg og privat planlegging, med m.a. temaplanar, kommune- og områdeplanarbeid, kommunale reguleringsplanar og retningsliner, samt rettleiing og handsaming av private reguleringsplanar. Du vil få ansvar og medverknad innan prosessarbeid, utarbeiding av planar, sakshandsaming, forvaltning, utgreiingar på ulike nivå, prosjektleiing, innkjøp, seminar og møter, informasjon og rapportering.  

Sogndal kommune har og vil få store og utfordrande planoppgåver som skal handsamast og forvaltast dei neste åra, og oppgåvene vert fordelt etter bakgrunn og interesse til den einskilde. Vi søkjer primært etter ein erfaren arealplanleggar som også kan ha rolle som fagkoordinator plan.

 

Vi søkjer deg som fortrinnsvis:

  • Har god kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning.
  • Har erfaring frå og interesse for prosessar og prosessleiing i plan og utviklingsarbeid og/eller prosjektleiing.
  • Har relevant utdanning fortrinnsvis på mastergradnivå, og/eller gjerne relevant arbeidserfaring.
  • Har kjennskap til relevant lovverk, forskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer, m.m.
  • Kan og forstår å setje deg inn i samansette problemstillingar.
  • Har GIS-kompetanse til å lage og kontrollere m.a. reguleringsplanar, temaplanar og forvalte det digitale planarkivet til kommunen. Alternativt at du kan lære dette.
  • Er strukturert, løysingsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere skriftleg og munnleg.
  • Kan samarbeide med innbyggjarane, fagfolk i kommunen, politikarar, næringsdrivande, konsulentar og byggjebransjen. 

Tilsetjing etter avtale.

 

Vi tilbyr

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.
  • Eit etablert fagmiljø med totalt 3 planleggjarar.
  • Moglegheit til å påverka eigen arbeidsdag.
  • Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale. 


Kontaktinformasjon: Markus Mohn Werner, 476 90 451

Søknadsfrist: 09.02.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen