Frist: 2. Feb

Sogndal kommune søkjer avdelingssjukepleiar i heimetenesta

Me har ledig 100% fast stilling dagtid som avdelingssjukepleiar i heimetenesta, avdeling Leikanger.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta det faglige, administrative og økonomiske ansvaret i heimetenesta jmf. gjeldande lovar, forskriftar og planar
  • Personalansvar
  • HMS og internkontroll
  • Rapporteringsansvar
  • Fremje trivsel og godt arbeidsmiljø
  • Samarbeide med avdelingssjukepleiarar i dei andre tenestene

 

Sentrale ansvarsområde:

  • Turnussystem og personal
  • Pasientflyt og journalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Økonomi

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Relevant utdanning innanfor leiing eller erfaring vil verte vektlagt
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Datakunnskap
  • Førarkort

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Ser verdien av å legge til rette for at medarbeidarane dine skal få utvikle seg utifrå individuelle eigenskapar
  • Sjølvstendig, lyttande og tydelig på forventingar og tilbakemeldingar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt. Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter avtale


Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.


Søknadsfrist: 02.02.2021

Gå til søknadsskjema
Til toppen