Frist: 9. Feb
(Foto: Falkeblikk AS)

Sogndal kommune søkjer bibliotekar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Det er ledig 100 % fast stilling som bibliotekar i Sogndal kommune frå 01.04.2020.

60 % av stillinga er knytt til biblioteket i Sogndal, 40 % av stillinga utgjer medansvar for arrangementsverksemd/utadretta formidling ved alle tre biblioteka.

Stillinga inngår i vaktplan med ettermiddagsvakt ein dag i veka og kvar tredje laurdag, og vakter i Leikanger og Balestrand ved behov.


Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvar for katalogiseringa ved hovudbiblioteket.
  • Oppgåver knytt til den daglege drifta av biblioteka.
  • Medansvar for planlegging og gjennomføring av arrangement og aktivitetar på biblioteka.


Krav til kompetanse

Me krev minimum bachelorgrad innan bibliotek- og informasjonsfag, eller tilsvarande relevant utdanning.
Det er ynskjeleg at du har førarkort klasse B og bil.


Me søkjer deg

  • Som likar å arbeida med menneske og som er motivert til å utvikla biblioteka i Sogndal kommune til sterke møteplassar og aktørar i lokalsamfunnet.
  • Som har relevant erfaring frå bibliotek, eller anna kulturell verksemd.

Andre personlege eigenskapar som blir vektlagde er mellom anna gode IKT-kunnskapar, evne til samarbeid, utoverretta verksemd og formidlingsglede.


Me tilbyr

  • Spanande arbeid med vidareutvikling og samkøyring av tre bibliotek.
  • Ein god arbeidsplass med flinke, engasjerte og kreative medarbeidarar.
  • Nyskapande og kreativt arbeid med utvikling av bibliotektenesta.
  • Godt samarbeid med kulturaktørar i kommunen, og biblioteka i Indre Sogn.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon: Anita Bergseth, tlf 57 62 96 63 / 948 05 021

Søknadsfrist: 09.02.2020.

Gå til søknadsskjema
Til toppen