Frist: 1. Jun

Sogndal kommune søkjer Controller

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig stilling som Controller, og treng deg som har god økonomikompetanse og engasjement for å vere med oss på laget.

Vi er ein flott gjeng med 14 tilsette med ulike oppgåver innanfor økonomi, innkjøp og eigedomsskatt. Vi er ein ny organisasjon og jobbar med å optimalisere arbeidsoppgåver, samarbeid og interne strukturar. Dette er spennande og gir rom for vidareutvikling for oss alle. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og rådmann.


Arbeidsoppgåver:

  • Verksemdstyring og utvikling
  • Budsjett
  • Økonomiske analyser
  • Finans
  • Rapportering
  • Økonomistyring, oppfølging, rettleiing
  • Innkjøp
  • Eigedomsskatt
  • Internkontroll mm
  • Saksutgreiing til politisk nivå

Arbeidsoppgåvene vert tilpassa behov i organisasjonen.


Kvalifikasjonar:
Bachelor eller Master i økonom/ samfunnsøkonomi. Det er ynskjeleg med relevant praksis, men vi vil og vurdere deg som er nyutdanna. Vi legg vekt på gode IKT kunnskapar, evne til å tenke heilheit og sjå samanhengar på tvers av ansvarsområde.


Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som jobbar målretta, strukturert og utviklingsorientert. Du bør ha gode kommunikasjonseigenskapar, vere fleksibel og løysningsorientert. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar


Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.


Kontaktperson for stillinga: Økonomisjef Marianne Skjeldestad Hove (90796089)

 

Søknadsfrist: 01.06.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen