Frist: 30. Apr

Sogndal kommune søkjer helsefagarbeidar 28% fast og miljøterapeut 80% vikariat til Leikanger

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogndal kommune har ledig 28% fast stilling som helsefagarbeidar og 2 x 80 % vikariat miljøterapeutstilling i Bu og miljøtenesta avdeling Leikanger.

Turnusordning.

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og tenestetilbod.

 

28% fast stilling som helsefagarbeidar 


Arbeidsoppgåver
Miljøretta miljøarbeid i brukar sin heim.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

 

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar med fagbrev og erfaring inn mot arbeid med brukargrupper som treng ekstra tilrettelegging og oppfylging.

 

Krav til søkar:

  • Praksis frå denne type arbeid
  • Evne til å motivera og engasjere
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og effektivt
  • Initativrik, fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Løysningsorientert og stor interesse for fagfeltet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Du må ha førarkort klasse B

 

Spesielle vilkår for stillinga
Det som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.

 

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø, ein spennande og god arbeidsplass med mange flinke og engasjerte medarbeidarar, spennande oppgåver der det dagleg vert jobba med systematisk kvalitetsutvikling og tenesteproduksjon, for å skapa ein god kvardag for våre brukarar.

Løn etter tariff. 

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.

  • Variert arbeid i positive miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Treningstilbod for tilsette.

 

2 x 80% vikariat miljøterapeutstillingar


Arbeidsoppgåver
Miljøretta miljøarbeid i brukar sin heim.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.


Krav til kompetanse

  • Vernepleiar eller anna 3- årig høgskuleutdanning innan helse – og sosialfag


Krav til søkar:

  • Praksis frå denne type arbeid
  • Evne til å motivera og engasjere
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og effektivt
  • Initativrik, fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Løysningsorientert og stor interesse for fagfeltet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Du må ha førarkort klasse B


Spesielle vilkår for stillinga
Det som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.


Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø, ein spennande og god arbeidsplass med mange flinke og engasjerte medarbeidarar,
spennande oppgåver der det dagleg vert jobba med systematisk kvalitetsutvikling og tenesteproduksjon, for å skapa
ein god kvardag for våre brukarar.

Løn etter tariff.

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine
tilsette.

  • Variert arbeid i positive miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Treningstilbod for tilsette.

 

Fullstendig utlysning og søknadsskjema finn på du Sogndal kommune sine sider.

 

Søknadsfrist: 30.04.2020

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen