Frist: 20. Sep

Sogndal kommune søkjer kommunalsjef helse og omsorg

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Er du ein strategisk og samlande toppleiar som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?

Sogndal kommune søkjer kommunalsjef med ansvar for tenesteområde helse og omsorg. Sektoren er inne i ei spennande tid. Behovet for tenestene aukar, velferdsteknologi og endra arbeidsformer vert tekne i bruk. Som kommunalsjef er du sentral for at me skal lukkast med gode tenester og kontinuerleg forbetring på området. Ønskjer du å gjere ein forskjell i vår kommune?


Kommunalsjefen skal

  • Styre og leie tenesteområde, sikre strategisk utvikling og heilskaplege tenester.
  • Sikre god budsjettering og økonomistyring.
  • Samordne, følgje opp og drive fram faglege- og organisatorisk utvikling.
  • Sikre god kommunikasjon internt og eksternt.
  • Inngå i rådmannen si strategiske leiargruppe.


Sentrale ansvarsområde

Helse og omsorg består av 3 sjukeheimar, 3 omsorgsbasar for heimesjukepleie, 3 avdelingar med bu- og miljøteneste, vedtakskontor for helse og omsorg, fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helse og rusteneste samt legeteneste. Samla sett er det om lag 500 medarbeidarar i sektoren. Kommunalsjefen har personalansvar for 14 personar; tenesteleiarar samt stab og støttepersonar.


Formelle kvalifikasjonskrav

  • Relevant helse- og sosialfagleg utdanning fortrinnsvis master, minimum bachelor.


Du må ha 

  • God kunnskap og interesse for ansvarsområdet.
  • Erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid.
  • Leiarerfaring med gode resultat.
  • Evne til å kommunisere godt skriftleg og munnleg.


Det er også fint om du har

  • Erfaring frå prosjekt med brukarretting og heilskaplege tenester.
  • Praksis frå helsesektoren- og omsorgssektoren.
  • Formell leiarutdanning.


Me ynskjer deg som

  • Får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde.
  • Deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel.
  • Er god til å formidle, forankre og få folk med på laget.
  • Er nysgjerrig, ser nye moglegheiter, lyttar og inviterer til mangfald.
  • Har rolleforståing for kva det betyr å arbeida i ein politisk styrt organisasjon.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit inspirerande fagleg miljø utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst. 
  • Fast 100% stilling som kommunalsjef. Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

 

Sogndal kommune fyljer til ei kvar tid gjeldande lov - og avtaleverk. 

 

Søknadsfrist: 20.09.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen