Frist: 8. Mar
(Foto: Falkeblikk AS)

Sogndal kommune søkjer kommunalsjef organisasjon og digitalisering

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogndal kommune vil fornye, forenkle og forbetre organisasjonen og tenestene våre, mellom anna gjennom å ta i bruk framtidsretta teknologiske løysingar, smidig utvikling og innovative anskaffingar.

Vi søkjer no etter kommunalsjef for område organisasjon- og digitalisering.

Kommunalsjefen skal

  • Styre og leie tenesteområdet.
  • Ha overordna ansvar for tenesteutvikling innan organisasjon og digitalisering.
  • Sikre strategisk teknologiutvikling og digitalisering i heile organisasjonen.
  • Samordne, følgje opp og drive fram faglege og organisatoriske utviklingsprosjekt.
  • Initiera og vera pådrivar for samordning og samhandling på tvers av teneste- og forvaltningsnivå.
  • Etablere eksternt samarbeid med private og offentleg aktørar på relevante område, ein sentral regional utviklingsaktør.
  • Inngå i rådmannen si strategiske leiargruppe.
  • Utvikle arenaer og rutinar for god informasjonsflyt i ein open og transparent kommune, samt sikre god kommunikasjon internt og eksternt med alle kommunen sine målgrupper og interessentar.


Sentrale ansvarsområde:
I dag er tenesteområdet organisert i fire avdelingar, og har totalt 31 tilsette. Fagområda med avdelingsledarar er IKT, dokumentsenter, innbyggjartorg samt personal- og løn. KommunaIsjefen vil få det overordna drifts- og utviklings ansvaret for desse. I tillegg har kommunalsjefen pr. d.d. fire spesialrådgjevarar rett under seg; (juridisk rådgjevar, kommunikasjons rådgjevar, politisk sekretær og kvalitetsrådgjevar). Kommunalsjefen vil også ha eit særskild ansvar for innovasjon, digitalisering og organisasjonsutvikling i heile organisasjonen, samt overordna internkontroll saman med rådmannen.


Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå er ønskjeleg. Kravet kan fråvikast ved lang og relevant erfaring frå fagområde innan ansvarsområda organisasjon og digitalisering, men søkjarar må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning.


Du må ha:

  • God kunnskap og interesse for ansvarsområda lagt til stillinga.
  • Interesse for og erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid
  • Erfaring som kulturbyggar, endringsleiar og prosjektdrivar
  • Evne til å kommunisera godt skriftleg og munnleg


Det er også fint om du har:

  • Erfaring med og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring.
  • Erfaring med å få til samhandling og samarbeid i praksis
  • Erfaring frå prosjekt med fokus på brukarretting og digitalisering


Vi ynskjer deg som:

  • Er ein tydeleg leiar, god til å formidle, forankre og få folk med på laget
  • Har analytiske evner, innbyr til tillit og er ein god sparringpartner
  • Er eit førebilete i haldningar og kulturbygging
  • Er utviklingsorientert og nysgjerrig
  • Har rolleforståing for kva det betyr å arbeida i ein politisk styrt organisasjon


Me tilbyr:

  • Eit inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande og utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
  • Fast stilling som kommunalsjef, lønnsspenn kr. 850.000 til kr. 890.000. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar


Kontaktperson for stillinga: Rådmann, Ellen Marie Njøs Lillesvangstu, tlf. 95982920 eller kommunalsjef ,Arne Halvor Abrahamsen, tlf. 959824896.

 

Søknadsfrist: 08.03.2020

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen