Frist: 22. Nov

Sogndal kommune søkjer leiar for personal- og organisasjonsutvikling

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Er du ein strategisk og samlande leiar som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?

Sogndal kommune søkjer leiar for personal- og organisasjonsutvikling. Kommunen er inne i ei spennande tid og du vil vere sentral for at me skal lukkast med gode tenester. Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune?


Arbeidsoppgåver:
Sentrale oppgåver i stillinga er leiarstøtte, kompetanse- og organisasjonsutvikling. Du skal samordne, følgje opp og drive fram faglege- og organisatorisk utvikling. I stillinga vil du arbeide tett med rådmannen, kommunalsjefane, leiarar på ulikt nivå i organisasjonen, hovudtillitsvalte og vernetenesta. Du vil jobbe med å følgje opp den utøvande og overordna arbeidsgivarfunksjonen på vegne av rådmannen. Dette inkluderer mellom anna lokale lønsforhandlingar, arbeidsgivarrepresentant ved informasjons- og drøftingsmøte med arbeidstakarorganisasjonane og ved oppfølging av personal- og disiplinærsaker. Du vil også jobbe med organisasjonsutvikling på systemnivå og digitalisering er ei viktig oppgåve. Vi er ein organisasjon i stadig utvikling og du må pårekne nye oppgåver i stillinga. Du må kunne arbeide både på organisasjons- og systemnivå, i tillegg til enkeltsaker. Til stillinga ligg det budsjett og personalansvar til ei avdeling under kommunalsjefen for administrasjon.


Kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning på minimum bachelorgrad i relevante fag
  • minimum tre år erfaring frå arbeid med organisasjons- og personalutvikling
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • erfaring frå arbeid med personal- og organisasjonsområdet
  • relevant leiarerfaring frå større organisasjonar
  • erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk


Eigenskapar:

  • evne til å arbeide både strategisk og operativt
  • humor og arbeidsglede
  • du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
  • deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel
  • er god til å formidle, forankre og få folk med på laget


Vi tilbyr:

  • ei utfordrande leiarstilling i eit godt og aktivt arbeidsmiljø
  • eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode velferdsordningar
  • fleksible arbeidstidsordningar
  • løn etter avtale


Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning. 


Søknadsfrist: 22.11.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen