Frist: 5. jan.
(Foto: Falkeblikk AS)

Sogndal kommune søkjer oppmålingsingeniør - plan og forvaltning

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig ei stilling som oppmålingsingeniør 100% fast i Sogndal kommune.

 Vi søkjer etter ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforminga av framtidas Sogndal kommune og som ønskjer faglege utfordringar innan by- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eininga for plan og forvaltning med 11 medarbeidarar med brei og høg kompetanse innanfor fagfelta vi forvaltar. Sogndal kommune vert slått saman med Leikanger og Balestrand kommune frå 01.01.2020.

Stillinga vil ligge til eining for Plan og Forvalting i nye Sogndal kommune og utgjer ei av 3 oppmålingsingeniørstillingar i eit fagmiljø som omfattar oppmåling, byggjesak og plan. Den ledige stillinga er ei av to stillingar som fortrinnsvis skal ha kontorstad i Sogndal. Den tredje stillinga som oppmålingsingeniør på eininga vil i hovudsak ha kontorstad i Balestrand, men skal fagleg og praktisk vere tett integrert i resten av eininga. Alle oppmålingsingeniørstillingane samarbeider nært med dei andre tenesteområda på eininga.

Stillinga dekkjer dei oppgåvene kommunen forvaltar innanfor oppmålingsfaget, i hovudsak oppmålingsforretningar, matrikkelføring, seksjonering, adressering og rettleiing til publikum.


Me søkjer deg som fortrinnsvis:

  • Har god kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning.
  • Har relevant utdanning på høgskulenivå.
  • Har god kunnskap om matrikkellova og helst erfaring med gjennomføring av oppmålingsforretningar etter dette lovverket, samt kjennskap til vidare relevant lovverk, forskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer m.m.
  • Har erfaring og kjennskap til verktøy for kartforvaltning og GIS.
  • Har, eller er villig til å tileigne seg godkjenning som matrikkelførar hjå Kartverket.
  • Er strukturert, løysingsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg.
  • Kan samarbeide med fagfolk i kommunen, konsulentar og publikum elles.
  • Må vere villig til å gjennomføre naudsynt vidareutdanning for å oppfylle framtidige krav til autorisasjon for eigedomslandmålarar.

Tilsetjing etter avtale.


Me tilbyr:

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.
  • Erfarne, kunnskapsrike og omgjengeleg fagmedarbeidar.
  • Mogelegheit til å påverke eigen arbeidsdag.
  • Mogelegheit til utvikling av eigen kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Treningstilbod.
  • Løn etter avtale.


Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta ved behov. Godtgjersle etter kommunen sitt regulativ.


For søknad:
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.

For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

II skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Gå til søknadsskjema
Til toppen