Frist: 30. Jan
Ñîãíäàë (Foto: Sergey Ashmarin)

Sogndal kommune søkjer prosjekt- og byggjeleiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig prosjektstilling som prosjekt- og byggjeleiar. Prosjektstillinga er 100%, med oppstart så fort som mogleg.

Teknisk drift i Sogndal kommune har ansvaret for all kommunal infrastruktur: vassforsyning, avløp, kommunale vegar og kommunale bygg. Vi gjennomfører og alle kommunale investeringsprosjekt.

Prosjekt- og byggjeleiaren vil i hovudsak få ansvaret for ein del av prosjektporteføljen på eininga. Storleik på prosjekta og type prosjekt varierer – alt i frå små utredningsprosjekt til større byggjeprosjekt. Det vil vere prosjekt innan alle våre fagfelt – VA, veg, bygg, park og havneanlegg. Tal prosjekt og type prosjekt vil tilpassast ressursane på eininga. Prosjekt- og byggjeleiaren il samarbeide tett med driftspersonell, andre ingeniørar på teknisk drift samt personell på dei einingane som skal nytte prosjektresultata. Stillinga rapporterer direkte til tenesteleiar på teknisk drift.


Vi søker deg som er:

  • Utdanna som ingeniør, sivilingeniør eller tilsvarande innan relevante fag. Erfaring kan erstatte formell kompetanse.
  • Har nokre års erfaring med prosjekt- og byggjeleiing er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Strukturert, initiativrik og sjølvstendig
  • God til å skaffe deg kunnskap på eigen hand, og likar å jobbe med fleire kunnskapsområde.
  • Dyktig til å ta avgjersle og har evne til å leie andre
  • Kommuniserer godt skriftleg og munnleg
  • Motivert for å utvikle Sogndal kommune vidare
  • Personelege eigenskapar og tilpassing til arbeidsmiljøet vert vektlagt


Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåve
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag
  • Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse
  • Eit ungt arbeidsmiljø med god kompetanse
  • Arbeidsoppgåver som utgjer ein skilnad for kommunen sine innbyggjarar
  • Fleksibel arbeidstid

Tilsetjing og løn etter avtale.

Kontaktinformasjon: Kristian I. Karlsen, tlf. 404 50 787

Søknadsfrist: 30.01.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen