Frist: 8. Mar

Sogndal kommune søkjer prosjektleiar - endringsreisa

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me søkjer etter ein prosjektleiar for digitaliserings- og effektiviseringsprosjektet i kommunen.

Bakgrunnen for prosjektet er den nasjonale strategien «Èn digital offentlig sektor» og KS sin digitaliseringsstrategi for kommunar og fylkeskommunar. Målet med prosjektet er å gjera kvardagen enklare for tilsette, innbyggjarar og næringsliv i kommunen, der leiing, struktur, kultur og endringskompetanse vil vera viktig for å lukkast.

Stillinga er ei prosjektstilling fram til 31.12.2021 med moglegheit for forlenging i ytterlegare eitt år.


Prosjektleiaren skal:

  • Planlegg, styre og leie prosjektet i tråd med prosjektmandat.
  • Dagleg drift av prosjektet innanfor dei rammene som er sett.
  • Rapportering til rådmann.


Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå er ønskjeleg.
  • Relevant fagkompetanse, erfaring og gode resultat frå prosjektleiing.
  • God forståing av endringsprosessar og bruk av ny teknologi.


Personlege eigenskapar:

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ.
  • Evne til å jobba både i team og sjølvstendig.
  • Strukturert, stor arbeidskapasitet og analytisk.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Det vil bli lagt stor vekt på søkaren sine personlege eigenskapar.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Spennande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende i høve retningsval.
  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar.

 

Søknadsfrist: 08.02.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen