Frist: 15. juli

Sogndal kommune søkjer psykolog

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

I tenesteeining legetenester, psykiatri- og rustenester er det ledig: Nyoppretta 100% fast stilling som kommunepsykolog med oppstart etter avtale.

Tenesteeining legetenester, psykiatri- og rustenester yter fastlegetenester, kommunale legeoppgåver, psykiatri- og rustenester. Psykiatri- og rusteamet består av sosionom, 3 sjukepleiarar, spesialpedagog og erfaringskonsulent.

Me ynskjer å utvide vårt tilbod med psykologtenester, både i klinisk arbeid, i rettleiing av psykiatri- og rusteamet for aldersgruppa over 18 år, helsestasjonen for aldersgruppa 16 -18 år, inn mot PPT-kontoret og i tverrfagleg systemarbeid.

Det er vedteke at Sogndal, Leikanger og Balestrand blir slegne saman frå 2020. Fram mot kommunesamanslåinga vil deler av stillinga bli brukt til tenester for Balestrand.

Aktuelle arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • Klinisk arbeid på individ- og gruppenivå.
  • Rettleiing og rådgjeving til anna kommunalt helsepersonell.
  • Tverrfagleg systemarbeid med andre kommunale tenester.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om fullført profesjonsstudie i psykologi og godkjenning som psykolog i Noreg.
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar, samt evne til både godt samarbeid og sjølvstendig arbeid.
  • For utanlandske søkjarar er det føresett gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Spesielle vilkår for stillinga

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.

Andre opplysningar

  • Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.
For meir informasjon, kontakt tenesteleiar Jan Ove Tryti på jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no eller 57 62 97 00. 
 

For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Gå til søknadsskjema
Til toppen