Frist: 19. aug.

Sogndal kommune søkjer rådgjevar pedagogisk IKT til 100% fast stilling

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100% fast stilling som rådgjevar pedagogisk IKT for barnehage- og skulesektoren i Sogndal kommune og for arbeidet med nye Sogndal kommune. Stillinga er ledig frå hausten 2018.

Digital kompetanse og pedagogisk bruk av IKT er eit satsingsområde for Nye Sogndal kommune. Vi søkjer ein person som kan vere med å forme Sogndalsbarnehagen 2020 og Sogndalsskulen 2020 si pedagogiske plattform innan digital kompetanse og IKT. 

Rådgjevar pedagogisk IKT vil verte ein del av IKT-eininga i Sogndal kommune. Samstundes vert den som vert tilsett rådgjevar for kommunalsjef oppvekst, rektorgruppa og styrargruppa på avgjersler som går på pedagogisk IKT, og vil måtte ta del i ulike møtefora. Ein må pårekne noko reiseaktivitet i samband med fagleg utviklingsarbeid. 

I tida fram til etablering av Nye Sogndal kommune vil den som vert tilsett ha eit delt ansvar for system og utvikling i dagens Sogndal kommune, samt jobbe med oppgåver for Nye Sogndal kommune. 

Arbeidsoppgåver:

  • Leie nettverk for ressurspersonar for IKT i barnehage og skule
  • Rådgje på strategiske val innan pedagogisk IKT
  • Serve barnehage- og skulesektoren i bruk av pedagogisk IKT
  • Brukarstøtte og systemansvar for dei pedagogiske programma Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen nyttar
  • Ansvar for IKT-nettverk i Sogn regionråd

Vi søkjer ein rådgjevar som har:

  • Pedagogisk utdanning
  • Formal eller realkompetanse innan IKT
  • Erfaring med pedagogisk bruk av IKT
  • Erfaring med å leie utviklingsarbeid

Vi vektlegg personlege eigenskapar, og det primære er at den som vert tilsett må ha forståing både for IKT-feltet og det pedagogiske potensialet i IKT. Den som vert tilsett må ha førarkort og kunne disponere bil. 

Vi kan tilby:

  • spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • kompetanseheving
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • trening for tilsette

For meir informasjon, kontakt:

Gå til søknadsskjema
Til toppen