Frist: 24. mars

Sogndal kommune søkjer rådgjevar pedagogisk IKT til 100% fast stilling

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig 100% fast stilling som rådgjevar pedagogisk IKT for barnehage- og skulesektoren i Sogndal kommune og for arbeidet med nye Sogndal kommune. Målet for stillinga er "Styrke formidling og læring i skulane og barnehagane gjennom bruk av IKT".

Stillinga er pr. no vakant, og det er difor oppstart etter avtale.

Pedagogisk IKT er eit satsingsområde for Nye Sogndal kommune. Vi søkjer ein person som kan vere med å forme Sogndalsbarnehagen 2020 og Sogndalsskulen 2020 si pedagogiske plattform innan digital kompetanse og IKT.

Rådgjevar pedagogisk IKT vil anten ha IKT-sjef eller kommunalsjef oppvekst som næraste overordna. Dette vert avklara i god tid før oppstart i stillinga. Samstundes vert den som vert tilsett rådgjevar for kommunalsjef oppvekst, rektorgruppa og styrargruppa på avgjersler som går på pedagogisk IKT, og vil måtte ta del i ulike møtefora. Ein må pårekne noko reiseaktivitet i samband med fagleg utviklingsarbeid.

Barnehage- og skulesektoren vert samla under ein fagleg paraply frå hausten 2019, og den som vert tilsett vil bidra i etableringa av Nye Sogndal kommune, og forme den.

Arbeidsoppgåver

  • Leie kommunalt IKT-nettverk for barnehage og skule.
  • Rådgje på strategiske val innan pedagogisk IKT, som til dømes val av IKT-utstyr til undervisning, programvare til undervisning, pedagogisk plattform, fellessatsingar på tvers av skulane, osb.
  • Serve barnehage- og skulesektoren i bruk av pedagogisk IKT, som til dømes opplæring, brukarstøtte, kursing, utrulling av nye løysingar, oppfølging av bruk/pådrivarrolle m.m.
  • Brukarstøtte og systemansvar for dei pedagogiske programma Sogndalsbarnehagen og Sogndalsskulen nyttar, dette betyr mellom anna læringsplattform, barnehage- og skuleadministrativt system, Feide, pedagogisk programvare m.m.
  • Ansvar for IKT-nettverk oppvekst i Sogn regionråd.

Vi ynskjer ein rådgjevar pedagogisk IKT som har:

  • Pedagogisk utdanning.
  • Formal eller realkompetanse innan IKT.
  • Erfaring med pedagogisk bruk av IKT.
  • Erfaring med å leie utviklingsarbeid.

Solid erfaring med pedagogisk bruk av IKT kan vege opp for ev. manglande pedagogisk utdanning. Vi vektlegg personlege eigenskapar, og det primære er at den som vert tilsett må ha forståing både for IKT-feltet og det pedagogiske potensialet i IKT.

Den som vert tilsett må ha førarkort og kunne disponere bil.

Vi kan tilby:

  • spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • kompetanseheving
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • trening for tilsette

Andre opplysningar

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.

Kontaktar: 

Gå til søknadsskjema
Til toppen