Frist: 1. Mar

Sogndal kommune søkjer ressurssjukepleiar/kreftkoordinator og sakshandsamer

Sogndal kommune, tildelarkontoret har ledig fast stilling som ressurssjukepleiar/kreftkoordinator i 50% stilling og sakshandsamer vederlagsberekning 50%.

Ressurssjukepleiar/kreftkoordinator

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinere og følgje opp brukarar som har behov for å samordne tilbod og tenester.
  • Skal vere lett tilgjengeleg for pasient og pårørande.
  • Skal bidra til koordinering og tilrettelegging av kvardagen for kreftpasient og pårørande på ein beste muleg måte.
  • Synleggjere og vidareutvikla lågterskeltilbodet, som ikkje krev tilvising eller søknad.


Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning innanfor helse-/sosial, fortrinnsvis sjukepleiarutdanning.
  • Erfaring frå kommunale helse og omsorgstenester.
  • Erfaring som sjukepleiar.
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt.


Personlege eigenskapar:

Ein føresetnad er gode munnlege og skriftlege eigenskapar.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og engasjerte medarbeidarar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar som inkluderar gode helse- og trivselsfremjande tiltak for dei tilsette.

 

Sakshandsamer vederlagsberekning

Arbeidsoppgåver:

  • Vere oppdatert på Lovverk og kommunale betalingssatsar knytt til institusjonsplassar og andre helse og omsorgstenester som krev eigenbetaling.
  • Bistå med råd og rettleiing til tenestemottakar og pårørande i spørsmål som omhandlar betalingssatsar.
  • Samarbeide tett med andre tilsette i helse og omsorgssektoren i kommunen.
  • Ha god økonomisk forståing og ordenssans.


Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning innanfor helse-/sosial, fortrinnsvis sjukepleiarutdanning.
  • Erfaring frå kommunale helse og omsorgstenester.
  • Erfaring som sjukepleiar.
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt. 

I stillinga som sakshandsamar Vederlagsberekning bør ein ha erfaring frå fagfeltet eigenbetaling.


Personlege eigenskapar:

Ein føresetnad er gode munnlege og skriftlege eigenskapar.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og engasjerte medarbeidarar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar som inkluderar gode helse- og trivselsfremjande tiltak for dei tilsette.

 

Søknadsfrist: 01.03.2020

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen