Frist: 9. feb.

Sogndal kommune søkjer samfunnsplanleggjar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig ei 100% fast stilling som samfunnsplanleggjar i Sogndal kommune.

Vi søkjer ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforming av nye Sogndal kommune i framtida og som ønskjer faglege utfordringar innan samfunns- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eining for plan og forvaltning med 12 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre. Kommunen har og vil få store og utfordrande planoppgåver som skal handsamast og forvaltast dei neste åra. Planeininga er tiltenkt ei sentral rolle i utarbeiding av både overordna planverk og sektorvise planar - for å få desse til å bli einsarta og reelle styringsdokument for kommunen.

Vi er på jakt etter ein strategisk, utviklingsorientert og fagleg sterk samfunnsplanleggjar, som kan vera med å utvikla kommunen sitt overordna plan- og utviklingsarbeid. Samfunnsplanleggjaren skal leggja til rette for demokratisk deltaking, planlegging som politisk styringsverktøy og at ulike aktørar kan samarbeide for å dra samfunnsutviklinga i ønska retning. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for plan og samfunn og tenesteleiar plan og forvaltning.

Arbeidsoppgåvene vert innan offentleg planlegging, med m.a. planstrategi, samfunnsdel av kommuneplan, temaplanar, områdeplanarbeid, kommunale reguleringsplanar og retningsliner. Du vil få ansvar og medverknad innan prosessarbeid, utarbeiding av plandokument, sakshandsaming, forvaltning, utgreiingar på ulike nivå, prosjektleiing, innkjøp, seminar og møter, informasjon og rapportering.

 

Vi søkjer deg som fortrinnsvis:

  • Er engasjert, kreativ, nysgjerrig og trivast med å ha ein aktiv rolle
  • Har god kjennskap til fagområdet og bidreg til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning.
  • Kan leie prosessar i plan og utviklingsarbeid og/eller prosjektleiing.
  • Har relevant utdanning fortrinnsvis på mastergradnivå, og/eller gjerne relevant arbeidserfaring (til dømes samfunnsøkonom, statsvitar, sosiolog, samfunnsgeograf).
  • Har kjennskap til relevant kunnskap om samfunnsplanlegging, byutvikling og samfunnsfaglige problemstillingar, bruk av statistikk og statistiske metodar.
  • Er analytisk og har evne til strategisk tenking.
  • Er strukturert, løysingsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere skriftleg og munnleg.
  • Kan skape engasjement og har gode samarbeidsevner
  • Søkarar som er personleg eigna vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.
  • Eit etablert fagmiljø med totalt 4 planleggjarar.
  • Moglegheit til å påverka eigen arbeidsdag.
  • Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale.


Kontaktinformasjon: Arne Abrahamsen, 958 24 896 eller Markus Mohn Werner, 476 90 451.

Søknadsfrist: 09.02.2020

 

Gå til søknadsskjema
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen