Frist: 10. Jun

Sogndal kommune søkjer samfunnsutviklar/ prosjektkoordinator

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi søkjer samfunnsutviklar/prosjektkoordinator i fast 100% stilling.

Sogndal kommune skal vere ein pådrivar for ei positiv samfunns- og næringsutvikling, og vere ein aktiv medspelar for næringsliv, frivillig sektor og eldsjeler som ynskjer å skape vekst og utvikling i kommunen. Vi søkjer no etter samfunnsutviklar/prosjektkoordinator i fast 100% stilling.


Samfunnsutviklaren skal:

  • Leie det operative arbeidet med kapittelet «ei berekraftig samfunnsutvikling» med utgangspunkt i Sogndal kommune sin strategiske plan for samfunns- og næringsutvikling
  • Koordinere og fylgje opp prosjekt i tenesteeining for samfunns- og næringsutvikling
  • Ta initiativ til og mobilisere til utviklingsprosjekt i samspel med lokalsamfunn, lag og organisasjonar og internt i den kommunale organisasjonen
  • Bidra til auka regionalt samarbeid innan området
  • Jobbe tett med andre utviklingsressursar i kommunen og regionen


Ansvarsområde:
Tenesteeining for samfunns- og næringsutvikling har tre hovudområder: Landbruk, næringsutvikling (Sogn Næring) og samfunnsutvikling. Samfunnsutviklaren vil ha hovudansvar for samfunnsutviklingsarbeidet, og for å sikre god samhandling med resten av tenesteeininga og andre relevante einingar i kommunen.


Formelle kvalifikasjonskrav:
Relevant høgre utdanning er ønskjeleg. Kravet kan fråvikast ved lang og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid.


Du må ha:

  • Eit glødande engasjement for å skape gode lokalsamfunn
  • Evna til å kommunisere godt skriftleg og munnleg
  • Vilje til å ta initiativ og vere ein trygg og utviklingsretta medspelar for målgruppene
  • Interesse for og erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid


Det er også fint om du har:

  • God kjennskap til offentleg sektor
  • Kjennskap og erfaring knytt til frivillig arbeid og/eller næringsliv
  • Erfaring med å jobbe i prosjekt, og i å bruke prosjektstyringsverktøy
  • Kjennskap til offentlege og private tilskots- og støtteordningar
  • Forståing for teknologi og digitalisering
  • Interesse for forsking og innovasjonsarbeid


Me ynskjer deg som:

  • Evnar å skape resultat saman med andre
  • Er inspirerande og evnar å få andre med
  • Kan formidle og kommunisere på ein tydeleg og inspirerande måte
  • Forstår kompleksiteten av å jobbe på tvers av sektorar, og evnar å sjå nye løysingar og mogelegheiter
  • Er utviklingsorientert, nysgjerrig og positiv


Me tilbyr:

  • Eit utviklingsorientert og inspirerande fagleg og sosialt miljø med ei spanande oppgåveportefølje
  • Mogelegheita til å vere med å skape gode lokalsamfunn for innbyggjarane
  • Fridom til å forme ei positiv utvikling
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar


Kontaktperson for stilling:
Tenesteleiar for samfunns- og næringsutvikling Joakim Systaddal (45873833).

 

Søknadsfrist: 10.06.2020

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen