Frist: 18. Jul

Sogndal kommune søkjer spesialpedagog

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogn pedagogisk psykologisk teneste er interkommunal, og yter tenester til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Under Sogn PPT finn ein både avdeling for PPT og avdeling for logopedi. Kontoret har 10 tilsette og held til i Sogndal.

PPT er ein viktig samarbeidspart for skular og barnehagar i Sogndal og kommunane rundt. Tenesta skal i sitt arbeid ha fokus på behovet for gode utviklingsmoglegheiter til barn og unge i barnehage og skule, og ha fokus på barn med særskilde behov.

PPT legg stor vekt på å arbeide førebyggjande med å vere tett på skular og barnehagar. Fokus er på utviklingsarbeid både på individ og organisasjonsnivå, og vi legg stor vekt på samarbeid både internt og med våre samarbeidspartnarar.

Det er ledig 100% vikariat som spesialpedagog i tida 01.08.20 - 01.07.21.
Oppstart etter avtale, og vikariatet kan verte forlenga.


Arbeidsoppgåver:

  • Utgreiing- og sakkunnigarbeid
  • Kontaktperson for skular og barnehagar
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid knytt til førebygging og tidleg innsats
  • Bidra til kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
  • Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som pedagog med hovudfag/master i pedagogikk/spesialpedagogikk/logopedi
  • Erfaring frå arbeid i PPT/grunnskule er ynskjeleg
  • Test- og kartleggingskompetanse
  • Kompetanse og erfaring med implementerings- og endringsarbeid
  • Førarkort klasse B og bil til disposisjon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
  • Engasjert og utviklingsorientert fagperson
  • Fleksibel og endringsorientert
  • Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

 

Me tilbyr:

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilbod om trening for tilsette

 

Spesielle vilkår for stillinga
Den som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato
  • Politiattest av ny dato

 

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

 

Kontaktperson for stillinga er: Tenesteleiar Anne Haugen Hov, tlf. 415 29 285, Anne.Haugen.Hov@sogndal.kommune.no og Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen, 926 48 081, ole.gunnar.krakhellen@sogndal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 18.07.20

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen