Frist: 24. May

Sogndal kommune søkjer tenesteleiar psykisk helse og rusarbeid

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Sogndal kommune opprettar nytt tenesteområde for psykisk helse og rusarbeid.

Tenestene har tidlegare vore spreidde på fleire tenesteområde (psykisk helseteam, heimetenestene og bu- og miljøtenestene i tidlegare Sogndal, Leikanger og Balestrand).

Me ynskjer å utvikle tenesteområdet, heve kvalitet og kompetanse, og syte for mest mogleg likeverdige tilbod i heile kommunen.

Til å leie det nye tenesteområdet gjennom dette viktige utviklingsarbeidet søkjer me ein tenesteleiar med fagleg tyngde og erfaring frå leiing og utviklingsarbeid.


Hovudarbeidsoppgåver:

  • Utvikle og leie kommunen sitt samla tenestetilbod innan psykisk helse og rusarbeid til vaksne over 18 år.
  • Ansvar for fag, personal og økonomi.
  • Tenesteleiar er del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg.


Kvalifikasjonskrav:

  • Helse- og/eller sosialfagleg utdanning minimum på bachelornivå.
  • Vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid.
  • Erfaring frå arbeid med psykisk helse og rus i kommune eller spesialisthelseteneste.
  • God munnleg og skriftlige kommunikasjonsferdigheitar.
  • Leiarerfaring er ynskjeleg.


Personlege eigenskapar:

  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Evne til strukturert og heilskapleg arbeid.
  • Relasjonskompetanse.
  • Utviklings- og endringskomptanse.


Me tilbyr:

  • Spennande utfordringar i eit viktig tenesteområde.
  • Moglegheit til å utvikle og forme kommunen sitt tenestetilbod.
  • Ei god og kompetent leiargruppe.
  • Godt arbeidsmiljø.

 

Søknadsfrist: 24.05.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen