Frist: 11. Apr

Sogndal kommune søkjer Tenesteleiar Sogn PPT

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Det er ledig 100% fast stilling som leiar for Sogn PPT frå 01.08.2021. Stillinga er fordelt på 60% som leiar og 40% som rådgjevar.

Sogn PPT er eit interkommunalt kontor i samarbeid mellom kommunane Vik, Aurland, Luster og Sogndal der Sogndal er vertskommune. Sogn PPT yter pedagogisk - psykologiske tenester (ppt) og logopeditenester til dei fire kommunane.


Arbeidsoppgåver:
Tenesteleiar skal vidareutvikle kontoret med ca. 10 årsverk og drifte tenesta med fagleg-, økonomisk-, organisatorisk- og personalansvar.

Sogn PPT skal arbeide i tråd med opplæringslova med forskrift og nasjonale føringar innan følgjande hovudområde:

  • Individretta arbeid.
  • Systemretta arbeid.
  • Teamarbeid og tverrfagleg arbeid er ein sentral del av PP-tenesta sitt arbeidsfelt.

Sogn PPT skal samarbeide tett med barnehagane, skulane, barnevernet og helsestasjonane i dei deltakande kommunane og arbeide systematisk med PPT som ei integrert teneste i tilbodet for born og unge. I eininga er det også ei avdeling for utøvande logopedi, som gjev logopeditilbod til kommunane i samarbeidet.

 

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, helst på masternivå, innan pedagogikk, spesialpedagogikk eller psykologi.
  • Det er ynskjeleg med leiarutdanning.
  • Kunnskap om lov-, regel- og planverk innanfor barnehage og skule.
  • Leiarerfaring og/eller rådgjevarerfaring frå PPT.

 

Personlege eigenskapar:

  • God systemforståing.
  • Gode samarbeidsevne og evne til å delta i og utvikle tverrfagleg samarbeid i og mellom kommunane.
  • Evne til å nå resultatmål og jobbe målretta.
  • Gode kommunikasjonsevne ovanfor deltakande kommunar, samarbeidspartnarar og tenestekjøparar.
  • Evne til å inspirere og motivere medarbeidarane til å utvikle eigen kompetanse og arbeide tverrfagleg.

 

Me tilbyr:

  • Mogelegheit til å utvikle Sogn PPT i samsvar med vedtekne planar, føresetnader og nasjonal politikk.
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert miljø.
  • Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.


Spesielle vilkår for stillinga:

  • Krav om politiattest av nyare dato

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

Søknadsfrist: 11.04.21

Gå til søknadsskjema
Til toppen