Frist: 11. Mar

Sogndal kommune søkjer vikar til dokumentsenteret

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Det er ledig 100% vikariat som konsulent i dokumentsenteret, frå snarast til 30.09.2020.

Det kan vere mogleg for fast tilsetjing på seinare tidspunkt. Stillinga ligg til eininga stab/støtte i avdelinga innbyggjartorg. Stab/støtte har 4 avdelingar: dokumentsenter, personal og løn, IKT og innbyggjartorg. I tillegg er det politisk sekretær, rådgjevarar juridisk, kommunikasjon og kvalitet/personvern.


Arbeidsoppgåver:

  • Registrering av post i sak/arkivsystem
  • Postmottak /e-post
  • Kontroll av saker og registreringar
  • Scanning
  • Enkel sakshandsaming
  • Brukarhjelp og opplæring i sak/arkivsystemet for tilsette


Sentrale ansvarsområde:

  • Sikre at kommunen handtera dokument i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner
  • Kvalitetssikring av informasjon i sak/arkivsystemet
  • Arkivplan
  • Utarbeiding av rutinar


Kvalifikasjonar:

  • Høgskule- universitet utdanning innan fagområdet, arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt.
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Søkjar må ha kjennskap til, og kunne bruke digitale verktøy.
  • Kjennskap til relevant lovverk, Arkivlova med forskrifter, Offentleglova, Forvaltningslova og Personopplysningslova
  • Ha god evne til å kommunisera skriftleg og munnleg.


Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt, og er løysing- og utviklingsorientert
  • Samarbeidsvillig, positiv og fleksibel til å løyse ulike oppgåver
  • Arbeida sjølvstending og er strukturert
  • Høg integritet grunna krav til handtering av sensitivt materiale


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.


Kontaktperson for stillinga: Konst.kommunalsjef, Reidun S. Hågvar, tlf 908 51 115, e-post : reidun.hagvar@sogndal.kommune.no eller konst.avd.leiar, Nina-Helen Flatebø, tlf 57652572, e-post: Nina.Helen.Flatebo@sogndal.kommune.no

 

Søknadsfrist: 11.03.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen