Frist: 10. des.
(Foto: )

Sognekraft søkjer fagarbeidar kraftproduksjon

Vil du jobbe med maskiner som produserer 100 % fornybar energi?

Vi søkjer etter ny medarbeidar innan tilsyn og vedlikehald av anlegg for kraftproduksjon. Vi har høg aktivitet og nye kraftverk under bygging.

OPPGÅVER OG ANSVAR

  • Delta i dagleg tilsyn og periodisk vedlikehald av produksjonsanlegga
  • Medverke og gjennomføre revisjonar og større vedlikehaldsprosjekt
  • Driftsstøtte, inspeksjonar på anlegg og tilstandsanalysar
  • Fagansvar for maskiner i kraftverka

 

KVALIFIKASJONAR

  • Teknisk fagskule
  • Gjerne relevante fagbrev som industrimekanikar eller energimontør
  • Erfaring frå vedlikehaldsarbeid, gjerne vasskraftverk eller fjernvarmeanlegg
  • God forståing for HMS
  • Gode samarbeidsevner
  • Førarkort Klasse B

 

VI TILBYR

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Triveleg og kompetansesterkt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løn- og forsikringsvilkår

Oppmøtestad er Årøy kraftverk i Sogndal.

Kontaktinformasjon: Bjarte Haugen, tlf 413 24 789
Søknadsfrist: 09.12.2019

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen