Frist: 19. jan.
(Foto: Arve Ullebo)

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer kunderådgjevar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Banken har no ledig ei spennande stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad Eivindvik/Sløvåg.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i fylket. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 54 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.

Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad i Eivindvik/Sløvåg.

Er du kompetent og motivert, trivast med sal og kan skape tillit og gode relasjonar er du kanskje den vi er på jakt etter.


Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:

  • Finansiell rådgjeving og kundeservice
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
  • Jobbe målretta med å bygge eigen kundeportefølje
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester


Til stillinga søkjer vi deg som:

  • Har høgare utdanning og interesse for økonomi
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
  • Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde

Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø i ein innovativ og framtidsretta bank.

Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte: Torunn Mattson, tlf 47 86 27 35

Søk på stillinga her.

Søknadsfrist: 19.01.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen