Frist: 6. Feb
(Foto: Arve Ullebo)

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer kunderådgjevar i Sogndal

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad Sogndal.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 54 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.

Er du kompetent og motivert, trivast med sal og kan skape tillit og gode relasjonar er du kanskje den vi er på jakt etter.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:

  • Finansiell rådgjeving og kundeservice
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester


Til stillinga søkjer vi deg som:

  • Har høgare utdanning og interesse for økonomi 
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit, gode relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
  • Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde

Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø i ein innovativ og framtidsretta bank.

Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte Laila Ruud, tlf 481 67 160

 

Søknadsfrist: 02.02.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen