Frist: 15. Mar
Arbeid på mølleRoan24. September 2019Foto: Ole Martin Wold (Foto: Ole Martin Wold)

Statkraft Gaupne søkjer ingeniør prosesstyring og IKT

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Region Midt-Noreg, med til saman 200 tilsette, har ansvar for drift og vedlikehald av 32 kraftverk og 8 vindparkar i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag, og når snart ein normal årsproduksjon på nærare 14 TWh.  

Produksjonsavdelinga ansvar for produksjonsplanlegging, vedlikehaldskoordinering og døgnkontinuerleg styring og overvaking av produksjonsanlegg, i tillegg til regionalt fagansvar for IKT og Prosesstyringssystem. Avdelinga har 15 medarbeidarar. 

Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig ingeniør innan Prosesstyring og IKT som skal jobbe med vedlikehald, oppdatering og vidareutvikling av våre system for prosesstyring (SCADA-system) og andre tilhøyrande system. 

 

Din rolle: 

  • Du har eit operativt ansvar mot vår systemdrift av SCADA-system.  
  • Du jobbar tett mot vår regionssentral for å fange opp eventuelle feil og endringsbehov, og mot vår prosjektorganisasjon for å sikre god oppdatering av systema ved endringar og utvidingar ute i anlegga.  
  • Du har eit regionalt fagansvar innan prosesstyring og IKTog samarbeide tett opp mot sentral fagmatrise i Statkraft.  
  • Du yter bistand og driftsstøtte til våre kraftverksgrupper 

 

Din profil: 

  • Du har høgare teknisk utdanning (bachelor/master). 
  • Du har erfaring frå fagfeltet prosesstyring og/eller IKT. 
  • Erfaring frå kraftproduksjon eller prosessindustri er ynskjeleg 
  • Du formulerer deg godt både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk 
  • Du ynskjer resultat, tek eigne initiativ og er flink til å jobbe både slvstendig og i samarbeidsgrupper. 

 

Statkraft tilbyr: 

  • Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst 
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanseansvar og nyskaping 
  • Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn 
  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar 

 

Nærmare informasjon får du ved å kontakte produksjonssjef  Kåre Hønsi tlf. 911 73 219. 

Registrer søknad og CV på www.statkraft.no ”Jobb og Karriere” – ”Ledige stillingar” innan 15. Mars. 

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen