Frist: 5. Apr

Trudvang skule søkjer miljørettleiar og lærarar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Trudvang skule er ein 1-5 skule med 3 parallellar på kvart trinn og omlag 340 elevar fordelt på 15 klassar. Det er rundt 52 tilsette som arbeidar på skulen og i skulefritidsordninga, dette fordelt på lærarar, spesialpedagogar, miljøterapeutar og fagarbeidarar. Skulen ligg sentralt i kommunesenteret Sogndal. Trudvang skule nyttar fysisk aktiv læring både som ein del av skulekvardagen, og som eitt av verktøya vi nyttar i høve ein variert og elevaktiv læringssituasjon. Skulen er teambasert og har ein kvardag der tett samarbeid for elevane sitt beste er prioritert. Me er ein IKT-rik skule, og nyttar digitale verktøy som ein integrert del av undervisninga. Me nyttar to -kontaktlærarordning der det er tenleg. Trudvang SFO har tre basar med tilsaman 135 born. Me har fokus på elevaktivitet og god oppfølging av det einskilde barnet.
«Saman skapar me ein god stad å vera, ein god stad å læra»
Sjå kommunen si heimeside eller www.trudvang.skule på Facebook.

 

  • Miljørettleiar

Det vert for skuleåret 2020/2021 (01.08.2020 - 31.07.2021) ledige stillingar som miljørettleiar ved skulen og SFO, vikariat og/eller fast. Stillingane vil mest sannsynleg vere om lag 80%, med arbeid 5 dagar i veka.


Arbeidsoppgåver som kan følgje stillinga:

Den/dei som vert tilsett kan arbeide med spesialpedagogiske/sosialpedagogiske tiltak på skulen, som del av generell bemanning i klasse og som generell bemanning / arbeid med einskildelevar på SFO. Problematikken kan til dømes dreie seg om sosiale vanskar, utfordrande åtferd, skuletrøyttleik med påfølgjande manglande måloppnåing og andre relevante problemstillingar. Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og miljørettleiarane vil samarbeide med kontaktlærar / medlærar og føresette om opplæringstilbodet til elevar / klassar.


Kvalifikasjonar:

Vi søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut. Vi har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som til ein kvar tid reflekterer elevgruppa me har, og erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar.
Stillinga krev evne til utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette og elevane sjølv.
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Då menn er underrepresentert i personalgruppa, vert menn oppmoda til å søkje
Spesifiser i søknaden kva fag du har teke som del av utdanninga.


Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Me ser etter personar som tek initiativ, tenkjer heilskapleg omkring elevutfordringar, og ynskjer å drive ei elevaktiv undervisning mellom anna med dagleg fysisk aktivitet.
Då menn er underrepresentert i personalgruppa, vert menn oppmoda til å søkje


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

Kontaktperson for stillinga er, rektor Bjarte Ramstad, tlf 950 05 333, bjarte.ramstad@sogndal.kommune.no.

 

  • Lærarstillingar

Det vert for skuleåret 2020/2021 (01.08.2020 - 31.07.2021) ledige stillingar for lærarar med undervisningskompetanse 1.-7.trinn ved skulen, vikariat og/eller fast. Stillingane vil vere i spennet mellom 80 – 100% stillingsstorleik.


Arbeidsoppgåver som kan følgje stillinga:

  • Undervisning i spennet frå 1. til 5. klasse.
  • Spesialpedagogisk arbeid
  • Kontaktlærarteneste


Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha utdanning som stettar kravet i Opplæringslova § 14 for å bli tilsett i undervisningsstilling. Opplæringslova gjev likevel opning for at dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar etter Opplæringslova, kan vi tilsetje personar utan godkjent utdanning i vikariat/mellombles stilling(ar). Det vil vere behov for søkjarar som har grunnskuleutdanning 1. - 7. trinn så vel som grunnskulelærarutdanning 5. - 10. trinn. Undervisningskompetanse i fleire av basisfaga norsk, engelsk og matematikk er ønskjeleg, men og undervisningskompetanse i andre fag vil vere aktuelt.

Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Då menn er underrepresentert i personalgruppa, vert menn oppmoda til å søkje
Spesifiser i søknaden kva fag du har teke som del av utdanninga.


Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Då menn er underrepresentert i personalgruppa, vert menn oppmoda til å søkje.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

Kontaktperson for stillingane er rektor Bjarte Ramstad, tlf 950 05 333, bjarte.ramstad@sogndal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 05.04.2020

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen