Frist: 4. nov.

Vang kommune søkjer driftsleiar vatn og avløp

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsleiar vatn og avløp.

Arbeidsoppgåver

Leiing:

  • Planlegging og gjennomføring av drift og vedlikehaldsoppgåver på vatn og avløpsanlegg
  • Planlegging og gjennomføring av mindre investeringsprosjekt innanfor vatn og avløp.
  • Oppfølging og utvikling av kommunens internkontrollsystem innan fagfeltet.
  • Bidra til å optimalisera eksisterande vatn og avløpsanlegg.
  • Delta på møter og aktivitetar i forbindelse med nybygg og større investeringar.

Drift og vedlikehald av anlegg for vatn og avlaup:

  • Delta i den daglige drifta saman med dei andre driftsoperatørane
  • Delta i den til ei kvar tid gjeldande vaktordninga
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav:

  • God kunnskap om leidningsnett, vassverk og avløpsanlegg.
  • Relevant fagbrev og praksis innan driftsoperatørfaget, eller høgare utdanning innan vatn og avløp.
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy er nødvendig.
  • Gode samarbeidsevner, og evner til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Kunne organisere arbeid og kommunisere tydelige mål.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Dersom den som blir tilsett ikkje har driftsoperatørkurset, må vedkomande vera villig til å ta kurs for driftsoperatørar. Dette består av ei praksisperiode på 1 til 2 år og ei kursperiode på 3. veker per kurs fordelt over 3 månadar.

Me tilbyr:

  • Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid ordning
  • Lønn etter avtale
  • Kommunen har personalbustadar for leige

Tilsetjing skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å ta kontakt med avdelingsingeniør Halvor Eggen Pettersen på tlf. 61 36 94 80 eller teknisk sjef Terje Hålien på tlf. 61 36 94 71

Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr. 18/417 sendast elektronisk.

Gå til søknadsskjema
Til toppen