Frist: 27. Jan

Vestland Fylkeskommune søkjer førstekonsulent administrasjon

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Det er ledig fast stilling som førstekonsulent administrasjon i seksjon stab, avdeling strategisk utvikling og digitalisering (SUD).

Stab har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR, økonomi, beredskap og IKT-sikkerheit.


Arbeidsoppgåver

  • Intern koordinering i avdelinga
  • Leiarstøtte til seksjonane i avdelinga
  • Personaladministrative arbeidsoppgåver innan HR
  • Fakturabehandling mm.  
  • Rettleiing til dei andre seksjonane i avdelinga knytt til HR-portalen og ePhorte
  • Innkjøp
  • Internkontroll – oppfølging av rapportering i kvalitetssystemet
  • Kvalitetssystemet – hente ut statistikk, avvikshandtering, rapportering mm.


 Kvalifikasjonar

  • Bachelor i økonomisk administrative fag. Lang dokumentert erfaring frå fagfeltet kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Arbeidserfaring innan fagfeltet
  • Kunnskap om og forståing for bruk av IKT-verktøy. Vestland fylkeskommune brukar økonomisystemet Visma, HR-systemet Bluegarden og sak- og arkivsystemet ePhorte. Det er ein fordel å kjenne desse eller tilsvarande verktøy
  • God norsk munnleg og skriftleg framstilling
  • Erfaring frå fagområdet HR er ein fordel, men opplæring vil bli gjeve             


Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert og proaktiv innstilling
  • God arbeidskapasitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner    
  • Nøyaktig og strukturert  

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid


Andre opplysningar 

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadsfrist: 27.01.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen