Frist: 15. Mar

Vestland Fylkeskommune søkjer juristar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Juristane inngår i seksjon for juridiske tenester i avdeling for organisasjon og økonomi. Seksjonen har eit særskilt ansvar for eigarskapsoppfølging og yter elles juridisk støtte til alle einingane i fylkeskommunen.

Juristen i den eine stillinga vil m.a. fylle rolla som fylkeskommunen sitt personvernombod. Kjerneoppgåvene til ombodet er å informere og gje råd om personvernlovgjevinga internt i verksemda, samt kontrollere at fylkeskommunen held seg innanfor personvernforordninga. Funksjonen som personvernombod utgjer venteleg under 50 prosent av stillinga. Vi ber om at de spesifiserer i søknaden om det er aktuelt å bli vurdert for denne funksjonen.


Arbeidsoppgåver

Juridisk rådgjeving til den administrative leiinga og ulike einingar i fylkeskommunen innan m.a. desse fagfelta:

  • Selskapsrett
  • Forvaltningsrett
  • Arbeidsrett
  • Førebu saker til handsaming i folkevalde organ
  • Personvern (gjeld den eine stillinga).


Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap / juridisk embetseksamen
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning


Personlege eigenskapar

  • Initiativrik
  • Kvalitetsbevisst
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne


Vi tilbyr

Stillinga vert løna etter avtale og i samsvar med vanlege fylkeskommunale
vilkår.


Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid verte varsla før søkjarlista vert offentleggjort.


Kontaktinformasjon: Svein Hågård, Seksjonssjef, tlf. 918 38 617 / 57 63 81 51

 

Søknadsfrist: 15.03.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen