Frist: 23. Jul

Vestland fylkeskommune søkjer virksomhetsarkitekt

Avdeling strategisk utvikling og digitalisering.

Seksjonen digitalisering skal sørge for at fylkeskommunen jobbar med digitalisering på ein einsarta, koordinert og strategisk måte. Vi jobbar med digitalisering gjennom fornying, forenkling og forbetring på ein slik måte at vi effektiviserar prosessar, og utnyttar ressursane i fylkeskommunen på ein hensiktsmessig måte. Dette skal føre til enklare og betre tenester for både publikum og tilsette. 

Vi søkjer etter deg som ser samanhengen mellom organisasjon, arbeidsprosessar og teknologi. Gjennom dialog med brukarar og tilsette skal du bidra til å fremje digitaliseringsområdet. Du har brei erfaring innan IKT-faget frå systemsida, men òg evna til å tileigne deg naudsynt spisskompetanse når det er naudsynt.  


Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle Vestland fylkeskommune sitt målbilete for virksomheitsarkitektur i tråd med verdiar og strategigrunnlag 
  • Forvalte verksemdsarkitektur, prinsipp og metodikk
  • Utarbeide organisatoriske krav og løysingsdesign
  • Bidra i å kartlegge og analysere forretningsprosessar, data/informasjon og teneste
  • Sikre godt samsvar mellom behov, våre prinsipp, kapabilitetar/evner og felles målbilete
  • Kvalitetssikring med forankring i målbilete for arkitektur
  • Utarbeide naudsynt systematikk og relevant dokumentasjon  

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning med relevante fagkombinasjonar som informasjonsvitskap, økonomi eller administrasjonslære. I særlege tilfelle kan realkompetanse kompensere for formell utdanning 
  • Relevant arbeidserfaring som syner erfaring frå fleire fasar i utvikling/digitaliseringsprosjekt
  • Forståing for forretningsprosessar og komplekse verdikjeder
  • Erfaring med relevante metodikkar og modelleringsteknikkar, slik som TOGAF
  • Fangst av data og utvikling av digitale teneste 

 

Personlege eigenskapar

  • Høg serviceinnstilling og ansvarskjensle kombinert med positivt og handlekraftig engasjement 
  • Systematisk og målretta
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne  

 

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling 
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid  


Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort 

 

Kontakt
Tom Sølve Myklebust, seksjonssjef, 415 30 977

 

Arbeidsstad:
Leikanger/Bergen

 

Søknadsfrist: 23. august 2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen