Frist: 15. april
(Foto: Falkeblikk)

Vestlandsforsking søkjer forskar innan Big Data

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi søkjer etter ein forskar innan stordata til eit nytt Horisont 2020-prosjekt om stordata og beredskap. Prosjektet startar sommaren 2019 og varer i tre år.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere innan systemkravutvikling (requirement engineering) som utarbeiding og gjennomføring av tekniske analyser, validering og verifisering av programvareplattformer. Stillinga krev deltaking på internasjonale vitskaplege konferansar og publisering i vitskaplege tidsskrift. Du vil arbeide på eit nytt internasjonalt Horisont2020-prosjekt om stordata og beredskap, men òg i andre nasjonale og internasjonale forskingssamarbeid og prosjekt som er i gang. I desse prosjekta samarbeider vi med andre forskarar, offentlege etatar og næringsliv. Vi utfører både grunnforsking og anvendt forsking på eit breitt spekter av datarelaterte utfordringar på ulike område som mobilitet, transport, beredskap og krisehandtering.

Kvalifikasjonar
Søkjaren bør ha mastergrad eller ph.d.-grad i computer science eller liknande, i tillegg til erfaring med utvikling av programvare. Vi ser etter ein person med både teoretisk og praktisk kunnskap frå open source-basert teknologi som PHP, Java, mySQL og/eller MongoDB. Kjennskap til maskinlæring og analyse av storskala data er ein fordel. God formuleringsevne på engelsk er eit krav, vi ser helst at du også har gode norsk-kunnskapar. Vår nye kollega må ha evne til å arbeide godt og effektivt, både med sjølvstendige oppgåver og som del av ei gruppe.

Vi tilbyr
Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, og du blir ein del av eit veksande stordatamiljø på instituttet.

Vi tilbyr også gode samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV og oversikt over publiserte arbeid til post@vestforsk.no. Attesterte kopiar av karakterutskrift/vitnemål og eventuelle attestar/anna dokumentasjon kan sendast til Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist: 15 april 2019.

For nærare informasjon om stillinga:

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Gå til søknadsskjema
Til toppen