Frist: 20. feb.
(Foto: Veri Media)

Vetti Gard Turiststasjon søkjer vertskap i sesong

Vetti Gard Turiststasjon søker nytt vertskap for sesongen 2019. Sesongstart er 20. juni 2019 og sesongen tek ikkje slutt før medio september.

Vertskapsrolla må delast mellom to personar i turnus, då høgsesongen kan vera hektisk ved Vetti Gard. Vetti Gard ligg innanfor Utladalen Landskapsvernområde i Årdal kommune, og tek i mot fjellfolk og turistar for overnatting og servering gjennom heile sommarsesongen. Utladalen kan by på spektakulære moglegheiter for friluftsliv og landskapsvernområdet ligg på grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Vettisfossen, Norges vakraste foss, er næraste nabo.

Stillingane inneber:

  • Vertskap for gjester som vil overnatta
  • Resepsjon og booking
  • Kjøkkenteneste
  • Romteneste
  • Vask og vedlikehald
  • Turistvert
  • Historieforteljar
  • Kafèdrift

Relevant erfaring/kompetanse:

  • Gjerne erfaring frå hotell/restaurant/reiselivsverksemd
  • Stødig i norsk og engelsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv og serviceorientert
  • Du er sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har praktiske ferdigheiter

Vetti Gard kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale
  • Godt arbeidsmiljø med trivelige gjester i vakker natur

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Erling Eggum på tlf 456 06 908. Send søknad på epost til erling@klingenberghotel.no innan 20. februar 2019.

Gå til søknadsskjema
Til toppen