Frist: 3. feb.

Vil du bidra til eit digitalt, datadrive tilsyn?

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig stilling som jurist fra 1. mars 2020

Tilsynet jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar og rettleier om universell utforming av ikt. For å sikre inkludering i ein stadig meir teknologisk kvardag, skal nettsider, appar og automatar vere utforma slik at alle kan bruke dei.

Tilsynet jobbar tverrfagleg innan områda jus, teknologi, statistikk/analyse, web og kommunikasjon. Vi tilbyr fagleg utvikling med varierte oppgåver på tvers av fagområda. Vi har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø med gode ordningar for medarbeidarane.

Frå 1. januar 2020 er Tilsyn for universell utforming av ikt ein del av det nye Digitaliseringsdirektoratet. Tilsynet har ansvar å føre tilsyn og rettleie private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar slik at dei følgjer forskrift om universell utforming.

Stillinga inngår i vårt juridiske team. Arbeidsstad er Leikanger.


Dine oppgaver er

  • Leie/gjennomføre tilsyn av ikt-løysingar og annan juridisk saksbehandling
  • Bidra til tilsynet si rettleiing til verksemder og innbyggarar gjennom foredrag, webinar, sosiale media og i andre kanalar
  • Leie/delta i prosjekt og utgreiingsarbeid, inkludert oppdrag frå departementet
  • Delta i internasjonalt arbeid


Kvalifikasjonar

Du må:

  • Ha fullført høgare utdanning med master i rettsvitskap/cand.jur
  • Minst to års arbeidserfaring 
  • Vere god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk

Vi ønskjer også at du:

  • Har erfaring med tilsyn, gjerne også metodearbeid
  • Erfaring med inkluderingsarbeid og/eller universell utforming
  • Har erfaring med teknologi og prosjektarbeid
  • Har kjennskap til og forståing for offentleg forvaltning


Vi legg vekt på at du har:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • God organisasjonsforståing og analytiske evner
  • Evne til og interesse for å arbeide i team og prosjekt


Vi tilbyr:

  • Løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 504 700 - kr 789 200 per år etter kvalifikasjonar og Digitaliseringsdirektoratet sine kriterium for stillingar. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn avtalast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
  • Familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • Treningsrom og moglegheit for å trene i arbeidstida

Vil du vite meir?

Synes du dette høyres interessant ut og ønsker nærmere informasjon, kontakt:

 

Vitnemål og attester må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål fra Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillingen. Har du utdanning fra utlandet, anbefaler vi en autorisert oversettelse av vitnemål og godkjenning fra NOKUT.

Vi gjer oppmerksom på at søkarliste kan bli offentliggjort ihht. offentleglova § 25.

Søknadsfrist: 03.02.2020

Digitaliseringsdirektoratet

Vi er om lag 350 tilsette i Oslo, Brønnøysund og Leikanger. 

Digitaliseringsdirektoratet er opptatt av mangfald og deltar i inkluderingsdugnaden til regjeringa. Vi vil gjerne ha søknad frå deg som har nedsett funksjonsevne, behov for tilrettelegging eller hol i CV-en.

Gå til søknadsskjema
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen